Sweets! :D
Heisann ^^
Ny lang-onsdag, berre at i dag føltes den ikkje så lang som vanlig.
Ja, eg holdt på og sovne under midtausten forelesninga, men det skyldes eine åleine at Vikør (forelesaren) har, som Anders sa "ei slik behagelig stemma". Skal ikkje sei så masse imot det x) Imellom forelesninga hadde me også litt diskusjon/kollokvie der me prøvde å øve litt på nokre eksamensoppgåver. Eg såg på oppgåva og kjente at dei små grå stakk og gjømte seg innerst i hjernebarken. Kom ikkje på ein dritt... Grue meg til eksamen altso : /
Etter siste forelesning var eg supersulten, noko ein kanskje blir av å berre ha ete knekkebrød ein heil dag. Så eg sprang heim, oppdaga at me ikkje hadde kjøttdeig så vart skuffa over at eg ikkje kunne lage lasagne. Endte opp med kalde pastarestar frå i går. Etterpå fekk eg jo DA søtsuget. Og no sitt eg her med kjeks i magen og eit brett med litt overstekte pikekyss ^^

Kjeksene vart faktisk sinnsjukt goe!
Mellom meg og daniel vart dei ete opp med ein gong xD oppskrift finn du på passion4baking :D
Imorgo e eg litt usikker på om eg skal på lesesal eller om eg skal sitte heime og lage tidslinje over midtausten. Heller litt mot å sitte heime... Trur ikkje det er så populært og sitte på lesesal med metervis med papir og fargeblyantar x)
Forresten har eg også fiksa meg lån! So no er det apartment hunting som står for tur! :D Fannt ein kjempefin leilighet allerede i dag tidlig, men når eg såg på den no var den allerede solgt : / Men er nok berre og halda augene opne so dukke da nok opp noko :)
No derimot lokkar senga for ein god natts søvn!
See ya :D









(bildet er tatt frå Maren Bore sin blogg)
























Ta ein titt på hjemmesida hennar 


